Sider

Litt snillare kosmetikk

No er det ikkje sånn at eg skal kome med sminketips og sånt her på bloggen, det er eit område eg har minimalt med kompetanse. Men eg som mange andre må vaske håret og gå med deodorant for å føle meg fresh nok til å ta steget ut i verda. Og deodorantar er jo noko av det minst snille og minst miljøvennlege me kan utsettje både oss sjølv og kloden for. Så eg har lenge leita etter noko som virkar, men som er litt snillare. De har sikkert også fått med dykk den nye allergien som kjem av eit konserveringsmiddel kalla MI- les meir her og her. Og produkta til LUSH er som eg kan sjå heilt fri for MI. Dei testar heller ikkje på dyr og er økologiske- vin,vin,vin!

Eg har handla eindel på LUSH  og her kjem to produkt som eg kan gå god for. Tørrshampoen deira No Drought som har vore ein av mine beste venner på travle dagar dei siste 2 åra. Det er fordi 1. den varer heilt utruleg lenge. 2. den klør ikkje sånn som eg opplever med dei andre tørrshampoane eg har prøvd på sprayboks. 3. den funkar og gjer at eg slepp å vaske håret. Der er veldig bra dei gongene eg eigentleg hadde planlagt ein dusj før forelesing men klarar å sove vekk heile dusjen.


Deodoranten som er den einaste eg har prøvd i frå LUSH heiter The Guv´ner og ho i kassa sa den var laga for menn, men ho sa også at det var den som var best på svette. Difor tok eg den sjølv om den luktar lavendel og eg ikkje er veldig begeistra for sterk lavendellukt. No har eg testa den, til og med på improvisasjonseksamen som eg grua meg veldig for, den er altså prøvd på det me her i huset kallar "stressasvetta" og den virkar. Eg synes at den lukter litt annleis når eg er veldig svett, og eg held framleis på å venne meg til det. Men når eg spør folk om eg lukter rart så seier dei nei, så tek det som eit teikn på at den virkar eller at eg har dumsnille venner.  Det beste av alt med den ingen alliminium og minimalt med plast. Og så varer den evig lenge. Heia økologisk og snill kosmetikk. Prøv LUSH eller eit anna merke som er snill med naturen. For meg har det vore veldig positivt og i eit anna blogginnlegg skal eg skrive litt om shampobarane deira som er heilt utan embalasje og så skal eg hylle såpestykket. Stay tuned.
Trykk her for å kome til nettsida deira.

Dette er ikkje eit sponsa innlegg. Det er skrive heilt på eige initiativ.

Ma-le-na

4 kommentarer:

Unknown sa...

Kjekt å lesa bloggen din igjen😍

Malena sa...

Så kjejt du syns, e kjekt at du leser den! :-D

Anonym sa...

Kjære Malena!
Kjekt å lesa bloggen din. En kommentar til eit tidlegare innlegg: Du ser godt ut fordi du utstråler ein varme som kjem innanfrå. Eg blir alltid glad når eg treff deg!

Malena sa...

Tusen takk for så fin kommentar anonym :-) Sku ønskja eg visste kven du er men eg trur nok eg vert glad når eg treff deg og :-)