Sider

Bokanbefaling: I morgen var jeg alltid en løve

På tysdag var eg ferdig med siste eksamen for dette semesteret og sjølv om me i klassen feira at semesteret var over, så er me likevel så nært vaksenjobbelivet no at det er ein god del praksis og faglege ting å ro i havn før det er heilt fri. Men det gjer ikkje noko. Eg føler likevel at det er på sin plass å leite fram alle dei skjønnlitterære bøkene som har ligge og venta sidan påskeferien. Så her kjem ei ny bokanbefaling.

For det fyrste. Alle har sjølv opplevd vanskar eller kjenner nokon som har vanskar med si psykiske helse. Og eg skulle ønskje at det var like lite tabu rundt psykisk helse som det er rundt ein knekt fot. Men eg føler ikkje me er der heilt enno, men denne boka er med på å kjempe den kampen.

Her kjem eit boktips som kan gi deg eit innblikk i korleis det kan opplevast å vere alvorleg psykisk sjuk. Og det beste av alt, den knekker mytene som nokon framleis trur på. Det er ikkje sånn at ein person med ei psykoseliding er farleg, slik mange trudde før. Og alle som får ei psykisk liding kan bli friske, i motsetnad til før då mange meinte at ein aldri kunne bli frisk av lidingar som til dømes schizofreni. Det er feil og det skriv Arnhild Lauveng veldig fint om i boka si "I morgen var jeg alltid en løve."  Det er ein av mine absolutte favorittbøker og eg har akkuratt lese den for andre gong. Den er ei lita pocket som er lettlest, fin, varm, sår, vond og god på same tid. Les den, du kjem ikkje til å angre!

Arnhild Lauveng er utdanna psykolog og har sjølv vore alvorleg psykisk sjuk.

Ma-le-na

Ingen kommentarer: