Sider

Så godt du ser ut, har du gått ned i vekt?

Det er sikkert ikkje berre eg som synes det er kjipt at mange meiner at å gå ned i vekt er sideordna med å sjå godt ut, dersom ein tidlegare har hatt nokre ekstra kilo å gå på.  Det er nok sikkert sagt i beste meining, men eg vert ikkje særleg sjarmert.

Det hender også i den evige praten om vekt og slanking at eg seier at eg synes eg er fin nok som eg er.  Og det meiner eg, eg kjenner meg fin som eg er, det er nok av andre ting å bekymre seg for her i livet.  Eg  veit at eg er veldig heldig som  føler meg fin nok, mykje på grunn av ein god kjærast som er einig i at tynn ikkje er det einaste som er vakkert.

Sjølv om eg seier at eg kjenner meg fin nok så får eg likevel ofte slanketips, det er mange gode forslag og alle kjenner nokon som har lukkast og som sikkert kan hjelpe meg på vegen. Eg takkar for tipsa. Eg kjenner også mange som har lukkast og dei er eg stolte over, det er verkleg flott for dei. Men eg kjenner at eg vert trist av at det er mange som knytt saman det å sjå godt ut, eller å vere fin med å ha gått ned i vekt eller vere tynn. Eg skal ikkje skryte på meg å ikkje å ønskje meg tynn ein gong i blant. Eg har som sikkert 90% av Noregs befolking ofte tenkt at det å vere tynn er den ultimate lukka. Men for meg er ikkje det å vere tynn og slank sideordna med å vere vakker, frisk og lukkeleg. Og eg vil vere tjukk og lukkeleg, utan å få tilbakemeldingar for at eg ser godt ut når eg har gått ned nokre kilo. Sist gong eg fekk det komplimentet hadde eg vore matforgifta i ei veke. Var akkuratt komen meg på beina igjen og tenkte ikkje så mykje på at eg såg godt ut, var berre lukkeleg for at eg kunne ete igjen utan å bli dårleg.


For meg  er mangfold det vakraste av alt. Personar som er slanke kan oppleve det like ubehagelig å få kommentarar for å vere tynn det som personar som er større kan oppleve å få kommentarar om å vere for tjukk. 

Eg las ein artikkel der det vart skrive at det er verre å vere tjukk enn å vere slem, les den her. Og det er trist. Så til alle dykk som synes det er finast å vere tynn. Hugs at ikkje alle er einige i det. Og hugs at det finnes så mange personar som slit med sjølvbilete og som kanskje har eit vanskeleg forhold til mat. Det finnes alt for mange i verda med eteforstyrringar. Tenk deg om før du skryt over at nokon har gått ned i vekt, sjølv om det er i beste meining. Det er mykje kjekkare å høyre ting som godt å sjå deg, korleis har du det?

(Joda du skal sjølvsagt få lov å skryte av nokon du veit har jobba for å gå ned i vekt og som du kjenner deg trygg på at har eit sunt forhold til det.)

Helsing ei som meiner at det å vere vakker ikkje er det same som å vere tynn. For meg er det å være vakker, når ein er fin inni for då vert ein fin utanpå også.
Tjukk og blid klem til deg!

Ma-le-na

Ingen kommentarer: