Sider

Ver ein humle- og bieven

Foto: @larshelge.

Me treng humler og bier og av og til  treng dei oss. Det er mange som deler innlegget på facebook om korleis ein kan hjelpe ei sliten humle med å kome seg på beina igjen, og mange har kommentert og delt biletet. Det er eit superbra tips og alle burde vite  kva dei skal gjere dersom det kjem ei humle inn, eller ein finn ei humle som ikkje klarar å fly. Då kan du gi humla litt sukkervatn på eit te-fat og settje den ut i sola. Då kjem formen seg ofte og humla flyr avgarde. Vårhumlene er ekstra viktige å redde, dei skal lage mange nye humlebabyar. Slappe Bier kan du settje på ein løvetann, det er ein god bieblom. Du kan plukke opp bia med å la den settje seg på ein pinne.

Når du blandar sukker og vatn er det fint å tenkje ein del sukker og to delar vatn. Ikkje legg humla ned i vatnet men ta pittelitt vatn på fatet og set humla ved sida av. Ev. kan du dynke eit bananskal i litt sukkervatn og sette humla på det.

Eg er så stolt over onkelen min som er birøktar, han brenn for hobbyen sin og han gjer ein viktig jobb for miljøet med å hjelpe til med å å halde biebestanden oppe. Me er avhengige av at bier og humler spreir plantepollen, for at ting skal vekse og gro. Utan bier og humler ville mest sannsynleg både økosystemet og matproduksjonen vår kollapsa.

Naturvernforbundet har posta desse 5 humletipsa på nettstaden sin:
På sidene deira kan du lese meir om kvifor bier og humler er så viktige, trykk her for å kome dit.



Ver ein humle- og bieven, det er bra for både deg, humla, bia og miljøet!
Ma-le-na

Ingen kommentarer: