Sider

Bloggen er attende med ei bokanbefaling

Ting har skjedd sidan 2013 og sist blogginnlegg. Eg har blitt nokre år eldre, eg har flytta ut av kollektiv og inn i ein leilighet med han fine, og eg har starta på masterdelen av musikkterapiutdanninga. Det siste året har eg klødd i fingrane etter å dele meiningar her på www, men eg vart ikkje heilt fortruleg med Twitter, for få teikn for ein som snakkar med så mange ord som meg. Så no skal eg prøve meg på blogginga igjen.

Eg vil starte med å anbefale boka til Marta Breen- Født feminist- hele norge baker ikke. Eg las den då eg var på praksistur til New York og vart SÅ inspirert, så medsøstre og medmenn, les! Den er humoristisk og lettlest og tek opp dagaktuelle tema kring feminisme og kvinnekamp, den hyllar mødregenerasjonen vår og ser på vår generasjons forhold til kvinner, arbeidsliv og cupcakes. Eg lovar at du kjem til å sittje igjen med ei god kjensle og du kjem til å bli både stolt og oppgitt over både medsøstre og medmenn. Og kanskje tilogmed kjem du til å føle deg litt klokare etterpå. Den finnes sikkert på biblioteket, eg fann den som e-bok, men den er i salg som pocket òg. Ho bloggar òg: bloggen finn du her
Ma-le-na

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt å lesa den reflekterte bloggen din! Men synst det er rystande at du ikkje eingong har nevnt den store organisasjonen/fellesskapet CGN. Jensanesets og Sagvågs flottaste klubb, med sjeldne møter mellom personar som har gått kvart til sitt.

Mvh.
Coolaste Naisaste Guy´en.

Malena sa...

Haha, takk for engasjement! Skal ta det opp til vurdering og sjå om eg kan trekkje paralellar til feministisk historie og lage eit blogginnlegg med alle dei fine bileta frå fotosessions i 2008! Du er så bra som aldri sviktar og som har vore fast lesar i snart 5 år!

Gla i deg fina!