Sider

Det er dei små tinga

Det er dei små tinga som kan gi det vetle ekstra, som gjer at du vil jobbe litt hardare, gjere den gode tingen for nokon, eller kome i gong med noko du har tenkt på lenge. Eg har heile studietida synes det var litt tiltak å kome meg avgarde på lesesalen. Musikkterapi har mykje obligatorisk oppmøte og ein må øve ein god del. Difor har den tida som eigentleg burde brukast på lesesalen ofte blitt prioriter vekk for lesing heime, eller andre viktige og uviktige ting. Eg er ikkje særleg effektiv når eg skal arbeide med studiane heime, det gjeld både gitarøving og lesing, så i dette semesteret har eg vore fast bestemt på at eg skal kome meg avgarde til lesesalen for å få gjort det eg må før eksamensangsten og angeren for dårleg prioritering røskar tak i meg. Det er då den faktoren med motivasjon kjem inn. Kva skal vere min motivasjon for å nå målet om å vere på lesesalen kvar einaste kvardag? Jo sjølvklart ting som: mindre distraksjonar, eit sosialt miljø og betre læringsverktøy som stasjonære pc´ar, printarar osv. som alle gir eit godt grunnlag for læring. Bra ja, men kva skal eg seie til meg sjølv kl 0700 når eg berre vil sove lenger og lese heime med favoritt-tekoppen og det gode ullpleddet? Jo, eg skal seie til meg sjølv: kaldt ja, det er kaldt her heime, men tenk på kor godt og varmt det er på skulen! For det er kaldt i gamle store murhus som skal bli varma opp på studentbudsjett, men i offentlege bygg er det reglar for sånt. Og det skal vere ein av mine store motivatorar no når hausten og vinteren kjem snikande, for det er ganske digg å sittje i armelaus kjole og lese om nervesystemet og utvikling. 

Kva seier du til deg sjølv for å motivere deg? 
Kva er det som gjer at du vert litt ekstra klar, eller litt ekstra motivert? 
Det treng ikkje være noko stort eller spesielt, det viktigaste er berre at det motiverar deg pittelitt ekstra, slik at du får enno meir lyst til å gjennomføre målet ditt.

Eg heiar på deg! 

Ma-le-na

1 kommentar:

Anonym sa...

Hurra! Setta innlegget va motivasjon i seg sjølv! no ska eg tenka litt på ka som ska motvivera meg for å løfta rævo fra sofaen og rydda og vaska leiligheten! Du e go og detta va ett supert innlegg!

Masse gla i deg <3
Bestaløvinno aka fast lesar :-D