Sider

Kva vil du ha for å bli glad?

Kjære du som les bloggen min, tusen takk. For alt du har lest og for at du framleis stikk innom her. 
No har bloggen hatt først ein periode med sjeldnare og sjeldnare innlegg, før den tok seg ein real ferie. Eg synes jo det er både fint å godt å få skrive ned tankar og følelsar og ord om ingenting og ting som ikkje er så viktige men som betyr mykje likevel. Så difor har eg sakna det. Men eg har ikkje skrive, for eg ville ha noko å skrive om. Etter litt mas i frå den mest trufaste lesaren, om å byrje påan igjen med blogginga, så byrja eg å tenke på om det er noko eg kunne skrive om her, som både de og eg ville fått noko igjen for. Og i dag så trur eg at eg fann det ut. 

No er kvardagen her igjen, det har regna på vestlandet dei tre siste dagane og gradestokken inne på hybelen visste 17 grader på tysdagmorgon. Det er haust. Ingen tvil om det. Studentane graver seg lenger og lenger ned i pensumbøkene og småbarnsmødrene syns at kjøkkenet vert fortare og fortare skittent, buisnessmannen lengtar etter utepils i sola og grilling på terassen. Kva treng me? Litt gnist. 

Eg har lyst til å bruke bloggen som ein motivasjonskanal både for meg sjølv og for deg. Det betyr ikkje at eg kjem til å ta vekk kvardagen, men det vert kanskje litt mindre kvardag og litt meir gennerelt. Det blir ikkje til  at eg berre til å skriv om dei positive tinga, men eg vil vinkle det slik at ein kan kjenne seg god nok og motivert til å leve. For det er det, det handlar om, livet og alle dei gledene det gir deg. Life is a matter of moments, så la oss prøve å hente fram gnisten til å glede oss over det, til å prøve litt ekstra, til å settje pris på oss sjølv og dei rundt oss, til å kose oss og til å oppnå det me draumer om! 

Dei siste 26 timane har eg fått vere saman med mange i  familien min, to av mine beste veninner, den herligaste ettåringen eg veit om og dei har gitt meg latter, klemmar, gode samtalar, gode måltid, gåver og kvalitetstid. Eg er heldig, og det skal eg tenke på neste gong eg tenker at det er kjipt å vere meg fordi eg la meg for seint i går, eller må lese 100 sider pensum før måndag. Eg er heldig! Har du fått ein klem, ledd saman med nokon du er glad eller ete middag med nokon du er glad  i dei siste 26 timane? I såfall, du er heldig, gled deg over det! 

Vil du høyra ein fin song som handlar om å bli glad? Høyr på Odd Nordstoga- Kva vil du ha for å bli glad 

2 kommentarer:

Anonym sa...

Sant so sant, Malena ! Klem frå Helene

Malena sa...

Å, Helene! Eg saknar deg! Du er god!