Sider

Kjøpmindre

Eg har ikkje skrive så mykje om kjøpmindre utfordringa mi, men det har ikkje vore så mykje å skrive om. Eg har ikkje fått laga så mykje som eg drøymte om å lage-enno, difor lite å skrive om på den fronten. Og det har heller ikkje vore særleg vanskeleg å la vær å handle klede, eg hadde veldig, veldig mykje frå før av og kan dele og bytte både med mamma og Mari, så det gjer nok at eg ikkje føler at eg må gå i dei same kleda kvar dag. Eg har sydd om eit par kjolar, og klypt av overskjørt og armar, og plutsleg har ein nye klede uten å ha brukt verken tid eller pengar, det kjennes fint.

For min del valte eg å ha ikkje handle så mykje dette året for å spare pengar, miljø og for å ikkje bidra til ein grusom industri med alt for lave lønningar og arbeidsvilkår. Det er forferdleg å lese om fabrikkbrannar og fabrikkbygg som raser saman og tek livet til tusenvis av altfor lavtlønna arbeidarar. Nokon har sydd dei kleda du har på deg og om t-skjorta di kosta 50 kr og kjem reisande heilt frå Bangladesh, kor mykje får eigentleg personen som syr den t-skjorta for den då?

Pappa har hive seg på trenden og handlar ikkje klede i år han heller. Det synes eg er kult! Du kanalltids bli med du og! Du må berre bestemme deg for at det er verdt det. Å gå i den same kjolen, kanskje sy den litt kortare, eller bruke den med eit anna tilbehør enn det du brukte til den sist. Det er verdt det, å seie nei til ein industri der folk nestan ikkje får betaling, å spare miljøet og å sjå at du sparar pengar som du kan bruke på andre ting som er viktig for deg. Ein kafetur med bestemor eller ein ferietur med ei god venninne.

Det var dagens moralprek frå meg til deg.
Håpar sola skin på deg!
Fretexkjolen kjøpt i 2010 har fått nytt liv med litt syom.


Ma-le-na

Ingen kommentarer: