Sider

KJØPMINDRE

Eg har tidlegare skrive om at eg skal utfordre meg sjølv med å ikkje kjøpe så mykje. Frå januar til juli så skal eg ikkje handle klede eller tilbehør til meg sjølve eller andre, og heller ikkje koppar, kar og interiør og pynteting. Eg kallar det kjøpmindre og er inspirert her i frå: stopshop2013.

Shoppingbilete frå Edinburgh-turen i haust.
Eg kom allereie litt skeivt ut då eg vart influensasjuk i romjula og hadde planar om nye fjellsko for julegåvepengane før 1. januar kom. Men romjulssalet rakk eg ikkje i, difor måtte kjøpmindre utsettjast til 3. januar. Då er det vel berre å innrømme at eg allereie då sprakk og investerte i eit par klesplagg  og ei pyntepute med elefantar. Men no er det stopp. Eg kjenner meg klar for å ikkje støtte ein kynisk klesindustri med alt for lavtlønna arbeiderar. Eg gler meg til å arrangere bytte-kveldar med fine jenter og vin i glaset. Det blir kjekt å sleppe å svette rundt på storsenteret berre fordi  eg ikkje har "noko" å gå med i kveld. Eg gler meg til å ta i bruk symaskinen frå pappa og håndarbeidsboka frå besto og vere kreativ. Og eg gler meg til å gi vekk bøker og opplevingar i gåver.

Det blir spennande! Eg veit eg kjem til å sakna shoppinga, for eg er glad i nye fine ting og klede, men eg håpar det kan gjere at eg kan bruka pengane mine meir fornuftig. Og at eg kan ta eit steg i rett retning når det gjeld forbrukarsamfunnet me lev i.

Har du lyst å hive deg på?
Pappa  har hive seg på og det synes eg er stas!  Det er inspirerande at fleire vil vere med. Vil du?
Ma-le-na

Ingen kommentarer: