Sider

Peace out

Her kjem eit lite og veldig enkelt gjer-det-sjølv tips til dykk!

Eg er nok over gjennomsnittet glad i peace-merker som eg kallar det, men som Marit seier er anti-atomvåpen symbolet, og ho har sjølvsagt heilt rett. Men same det. Det betyr fred. Som for meg betyr alt i frå: la oss vere venner. - la oss vere snille med kvarandre. -la oss tilgi. -la oss respektere kvarandre. -la vere enige i at det er greit å vere uenige. og viktigast av alt. -la oss ikkje krige.

Så her kjem oppskrift på peacesmykke/peacejulatrepynt/peaceuro eller kva du måtte ønske å bruke det til.

Du treng:
-ståltråd
-hamptråd/hyssing.
-avbitar/saks til å klyppe ståltråden med.

Lag ein runding av ståltråden og forsterk den med ein eller to ekstra rundar ståltråd som du surrar rundt første ringen. Lag så dei tre strekane i midten på same måte. Start med å dele ringen i to og lag så dei to sidegreinene. Når du er ferdig med dette surrar du heile greia jamnt med hyssing/tråd slik at du ikkje ser ståltråden. Når du er ferdig med det kan du henge eit tau i  toppen, slik at du kan henge merket opp eller bruke det som smykke. Superenkelt! Har ikkje leita etter dettet i bloggverda men såg noko liknande på ein butikk i jula og tenkte at det kan ein lage sjølv òg.

Ferdig med "skjelletet" og klar til å snurre tråden rundt.


Slik ser det ut når det er ferdig! 
Ma-le-na

Ingen kommentarer: