Sider

This one time, at band camp

Eg har tenkt lenge og vel. Vegd for og i mot og for igjen og tilslutt klart å bestemme meg for at akkurat no var det best at eg slutta å spele i korps. No big deal tenker du då. Men, det er ikkje berre, berre når ein har hatt den same hobbyen i 12 år. Men no var tida inne. Eg var lei av øvingshelger, dugnadar og messinginstrument som alltid var litt lav på den A- en eller litt for høg på den F# -en. Så no sit eg her, ein fredagskveld og ser på facebooken til alle fine korpsvener at dei er på øvingshelg. Eg har kjøpt kinderegg og laks og pesto og skal laga meg ein betre middag. Legge beina på stovebordet og sjå på tv, lese bloggar, strikke eller sy. Det er eigentleg det same. Det viktigaste er at eg har moglegheiten. Ja det var trist å sei hadet-bra til alle dei fine folka i korpset. Dei kjem eg til å sakna. Men det er godt med litt fleire frihelgar som eg kan fylle med kva eg vil.  For eksempel ingenting, nye impulsar, cisvhelger eller den spontan Lørenskogturen som Ragnhild og eg bestillte oss i dag. Av og til er det godt å endre kurs. 

"Hemmeligheten til et rikt liv er å ha flere begynnelser enn avslutninger." -Dave Weinbaum  




Ma-le-na

Ingen kommentarer: