Sider

Helg og vafeloppskrift

Klokka er 10 på ein laurdagsmorgon og eg ligg framleis i senga, fint liv. Denne veka har vore fin, men den har gått i ett, så i går var det fantastisk med ein fredag med berre ein plan: liggja på sofaen og sjå på film med kollektivjentene. I dag er planen å vera kulturell, (både høyra og spela konsert) og å treffa folkehøgskule gjengen som bur i Bergen.

På onsdag laga me vafler, dei blei veldig gode. Og no når det er helg, tenkte eg de kunne få oppskrifta og kanskje bli inspirert til å lage vafler. Eg laga dei av ei oppskrift eg fann på HER der eg bytte ut nokre av ingrediensane. Her kjem min versjon som blei ca 8 litt tjukke og mettande vafler:

3 egg
3 dl soyamjølk
0,5 dl olje
Bilete har eg lånt her
3 ss sukker
1 ts bakepulver
3 dl sikta spelt
2-3 dl lettkokte havregryn
litt salt  (0,5 ts)
litt kardemomme (2 ts)

Bland dei våte ingrediensane og ha dei tørre oppi. Visp godt.
Eg sette røra i kjøleskåpet i eit par timar, så då dei skulle steikast, hadde havregrynen svella så mykje at eg måtte ha nedi litt ekstra soyamjølk.
Ps. dei såg litt bleike ut, sjølv om dei var heilt ferdigsteikte.

Ma-le-na

Ingen kommentarer: