Sider

Strikketriks

Eg har fleire gongar prøvd meg på ulike strikkeproskjekt utan å fullføre, men no er eg endeleg komen i gong og har strikka to halsar/sjald. Held på med ein uferdig Mariusgrytelapp òg men det var ikkje fokuset no (vanskeleg). No er nemleg målet ein ullsokk. I strikkinga har eg lært meg eit triks som eg vil dele vidare, om du eingong skulle føle for å strikka noko. Om du aldri har laga noko før anbefalar eg tjukke pinnar og tjukk tråd slik at du lett ser resultat. Gå på sparkjøp og kjøp tråd, godt utval og gode prisar! 


Når du må skøyte mellom to trådar gjer sånn her: 




"opne" endane.

Legg dei saman og tvinn dei mellom handflatene.
Lurt å ha litt vatn på. 

Ta da! No ser det ut som om tråden aldri har vore to endar. 

Ps: dette trikset trur eg at eg lærte på ein av mine favorittbloggar: Oldemorbloggen. Veldig kosleg lesning!

Ma-le-na

1 kommentar:

Anonym sa...

Fint triks:)