Sider

Speglrefleks

Då eg var 15 kjøpte eg meg eit speglreflekskamera for pengar som eg fekk til konfirmasjonen. Det har eg hatt med meg sidan då. Det har vore i Texas, på cisv-leir, på safari i Kenya og på bytur i Australia. Det tek gode bilete og det har fanga mange gode ferie og ikkje minst kvardagsminne. Men det siste året, har det vore lite i bruk. No har eg henta det med meg til Bergen for ein av måla mine for 2013 er fleire bilete enn i 2012. 


No er det skikkeleg surt i Bergen, vått, kaldt og mørkt. Så i dag har eg varma meg på middag med den finaste eg veit om og ein kopp te i dinna fine koppen som eg fekk av nissen (mamma) til jul. + den fine kjærleiksskåla frå Poul Pava som eg har vist dåke før.

 Ma-le-na

Ingen kommentarer: