Sidan sist har eg levert oppgåve, spela siste julekonserten med korpset og fått julaferie! Dårleg gjort å skrive om det her for dei som ikkje har fått ferie enno. Men snart er det din tur om du framleis strevar på jobb eller med studiar.Eg heiar på deg!
På torsdag starta me ferien med å gå ut å ete frukost, det var veldig kosleg og er mitt heitaste feiringstips. Har du ein litt fleksibel kvardag, kan det ofte vere lettare å få til ein frukost enn ein middag på dagar som er fulle av ettermiddags og kveldsaktivitetar.
Her kjem bilete frå nokre fine dagar med julaferie som starta på Bjoa hos svigers. No ligg eg på sofaen heime hos mammo og papen, etter to hektiske og veldig fine dagar på Stord. (Okay, dei kjem i morgon når eg har vore i Bergen og henta pcen min.)
Håpar du har hatt ei god helg!
Ma-le-na

![]() |
| Fint liv, fine folk (hjarta) |

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar