Sider

Kva er eigentleg born sitt beste?

I dag vart det bestemt av høgsterett at Verona på 9 år og hennar familie og Mahdi på 9 år og hans familie vert sendt ut av Noreg. Eg er sjeldan politisk her på bloggen men, eg vert så trist når born på 9 år, fødd i Noreg, vert sendt ut av landet og til heimlandet til foreldra. Borna snakkar kanskje ikkje språket i det for dei nesten ukjende landet, dei har alle venene sine i Noreg. Her har dei fotballaget, trygg skuleveg, trygg skulekvardag og eit helsevesen å få hjelp av om dei skulle verta sjuke. I heimlandet til foreldra forstår dei kanskje ikkje språket. Kanskje har dei ikkje råd til å gå på skule, og om dei vert sjuke har dei kanskje ikkje råd til livsnaudsynt hjelp. Dei vart fødde i Noreg, og dei har budd her i 9 år. Når er ein eigentleg norsk nok? Kva betyr eigentleg barnekonvensjonen og barns beste for politikarane og dommarane i den norske staten?

Her er eit utdrag frå barnekonvensjonen: 


1. ALDER 18 ÅR Alle under 18 år er barn, dersom ikkje ein tidlegare alder er lovfesta av staten.

2. INGEN DISKRIMINERING Rettane i konvensjonen gjeld for alle barn utan forskjellsbehandling og utan omsyn til barnet og foreldras rase, farge, kjønn, språk, religion, opphav, eigedom, funksjonshemming eller oppfatningar. Staten skal sørgje for at ingen vert diskriminert.

3. TIL BARNETS BESTE Handlingar som vedgår barn som vert sett i verk av styresmakter og organisasjonar, skal først og fremst ta omsyn til kva som gagnar barnet best. Staten skal sørgje for at dei institusjonar og tenester som har ansvaret for omsorga eller vernet av barn, har den standard som er fastsett, særskilt med omsyn til tryggleik, helse, talet på tilsette og deira kvalifikasjonar så vel som kompetent tilsyn.

4. STATENS ANSVAR Det er staten sitt ansvar å setje barnerettane ut i livet.

22. FLYKTNINGBARN Barn som søkjer flyktningstatus eller som vert sett på som flyktningar, skal få nødvendig vern og humanitær hjelp. Staten skal i samarbeid med internasjonale organ hjelpe eit barn som er åleine til å verte sameina att med foreldra sine. (regjeringen.no - FNs konvensjon om barnerettane)


Det står tydleg i barnekonvensjonen at ein skal ta omsyn til kva som gagnar barnet best. Tryggleik og helse er i fokus og i 4. punktet står det vidare at det er staten sitt ansvar å settje barnerettane ut i live. Er det å settje barnerettane  ut i live, å sende ein  9 åring til ei utrygg framtid i land med svak økonomi, utrygghet i forhold til familien sin religion og andre hinder som dårleg helsevesen og liten mulighet for utdanning?

Kvar er mennesket i slike saker? Det handlar om å ta vare på kvarandre.

Ma-le-na

Ingen kommentarer: