![]() |
| Fyrverkeri ved lille Lungårdsvann ein kveld Maria og eg var ute å gjekk tur. |
1. Ikkje handle klær, tilbehør ++ eller interiør til meg sjølv frå 1. jan. til 1. april. I gåve til andre skal eg helst gi opplevingar, noko heimelaga, vin, blomar eller bøker. (Veldig inspirert her i frå: STOPSHOP2013.)
Unntak: Strømpebukser. Eg er avhengig og det er ikkje så kult å gå i holete strømpebukser, difor skal det få vere mi guilty pleasure dei 3 månadane eg utfordrar meg sjølv.
Mål: Bli meir kjøpebevisst. Tenke over kva eg brukar pengane mine på.
2. Ikkje facebook, instagram, bloggar og nettbutikkar før etter kl 1630 i kvardagen. Eg sjekkar innom alt for ofte. Og veldig ofte har eg hatt lyst å melde meg ut av facebook, og få meir ut av tida mi istaden for å bruke den på å glo inn i smarttelefonen eller pc'en. Men ein må faktisk vere online i desse dagar. Og det er mykje positivt i å kunne ha kontakt med så mange kjende på ein stad. Difor skal det vere lov i helgane og etter kl 1630.
Prøveperiode: 1. januar- 1. februar.
Mål: Sjå om eg får gjort meir studierelaterte ting før kl 1630.
Har du tenkt å setje deg nokre mål/utfordringar for året som kjem?
Legg med bilete frå gårsdagen, med høyrelæreavslutning, Vampkonsert og peparkakebyen. Veldig fin dag!
God helg til deg og dine!
Ma-le-na




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar