På tide med eit husmortips igjen! Når ein bur i kollektiv finst det nok like mange små og store irritasjonar og gleder som i eit vanleg familieliv med to born, eit husdyr og to vaksne. Mykje kos, og små og enno litt større irritasjonsmoment. Men det fine, er at ein lærer så mykje nytt, både om seg sjølv og andre, og så er det noko spessielt med det vennskåpet ein får til sambuarane sine. I helga presterte eg å reise frå den halvkutta raudlauken min uten å ha pakka den inn, sånt vert det dårleg stemning av. Hald dykk fast: Raudlauk set nemleg smak på mjølka. Så i ekte husmorånd, har eg no lært av sambuarane og lærer velvillig vidare: Pakk inn raudlauken før du slenger den inn att i kjøleskåpet. Ellers så har eg vore på Stord i helga og feira den kjekkaste husmora av dei alle. Mamma hadde bursdag på fredag og det feira me med sushi og mykje godt i glaset på laurdagskvelden.
No testar eg ut, bakepulver istadenfor gjær i brødbaksten, så får me sjå då, om rundstykka vert litt betre enn desse her -->
Håpar du har hatt ei fin helg, god måndag til deg!
Ma-le-na
![]() |
| Mor og dotter, likt antrekk to dagar på rad. Fin 51åring <3>3> |
No testar eg ut, bakepulver istadenfor gjær i brødbaksten, så får me sjå då, om rundstykka vert litt betre enn desse her -->
Håpar du har hatt ei fin helg, god måndag til deg!
Ma-le-na

2 kommentarer:
Hei! Fine damer du:) takk for ei kjekke helg, synd da vart dårleg stemning i Lukkeboden. Mandagsklem te deg:)
Enig! Neida, ikkje dårleg så veldig dårleg stemning:) Klem til deg og!
Legg inn en kommentar