Sider

Tankar om å ta seg tid



I arbeid med menneske og i kvardagslivet, i relasjon til andre, trur eg aldri at me kan bli gode nok på å forstå kva den andre eigentleg meiner og kva behov og ønsker dei rundt oss har. Me kan bli gode i å tolke signal og forstå kva dei ulike utrykka, kroppshaldningane og tonefalla betyr, men ein blir aldri utlært. Det er så viktig å ta seg tid, og gi dei rundt seg rom til å sende sine signal, vere seg sjølv og så må kvar enkelt ta seg tid til å prøve å settje seg inn i og forstå korleis dei rundt ein har det.

No når eg les pensumlitteratur i spesialpedagogikk, i mor-born-interaksjon og musikkterapi i kontekst med born, utviklingshemma og ungdommar. Syntes eg av og til at det blir litt svart på kvitt, med diagnosar og åtferdsvanskar. Då er det fint å vite at i praksisen så møter ein mennesket og ikkje diagnosen eller åtferdsvanskane. Og i møte med mennesket så kan ein ta seg tid til å sjå heile biletet og prøve å forstå for å skape ein trygg kvardag og gode relasjonar. Så ta deg tid. Sjå deg rundt og ver kritisk til eigen tolkning av andre sine følelsar,  signal og utrykk, prøv å forstå, igjen og igjen. Det har eg lyst å bruke meir av tida mi på.  

I kveld får eg besøk av den finaste søstera og den kjekkaste Anne eg veit om i heile verda, me skal på konsert! Hurra!




God helg til deg!
Ma-le-na

3 kommentarer:

Anonym sa...

ÅÅ, Kjekt! Kva konsert skal dåko på?

- Fast lesar ved haukeland :)

Anonym sa...

Kloke ord på ein sein kveld!
Håpe dåke kose dåke på konsert <3

Bestaløvinno

Malena sa...

Så koslig med kommentarar! Me var på Sirkus Eliassen, veldig artig!

Ha ei kjempefin helg dåke to <3