Sider

Å jobbe med folk

Å få lov å jobbe i livet til andre mennesker er heilt utruleggivande, spennande, interresant og utfordrande. Eg er audmujk og føler meg priviligert som får ta del i livet til så mange flotte og unike personar. Det gir utfordringar, gleder og sorger, ikkje berre på jobb, men og når ein kjem heim, for ein tek dei med seg heim i tankar og hjarta.

Når ein arbeider i livet til andre skal ein dokumentere, slik at dei som kjem på jobb etterpå skal kunne få eit godt innblikk i det som er i livet til dei ein er saman med akkuratt her og no. Slik at nestemann lett kan nøste opp trådane, og gjere at livet går vidare frå den eine vakta til den andre. Det er vanskeleg å skrive det rett, slik det var, med dei orda som gjer at alle føler seg sett og ivaretatt.

Akkuratt no sit eg med praksisoppgåva og må prøve å finne dei orda som kling finast, er positive og føles gode og høyra for dei eg skal skrive om. Det er vanskeleg, for eg syntes ikkje det er så god klang i verken brukar, utviklingshemma, tenestemottakar eller klient. Sjølv om dei eg skal skrive om er nydlege, gode, interessane og fine folk, som har gitt meg mange, mange fine stunder. 

Kva ville du ha skrive?
Ma-le-na

Ingen kommentarer: