Sider

Bloggebloggblogg

Dette innlegget skreiv eg forrige søndag, og så skulle eg leite fram bilete før eg posta det, då forsvann blogginga inn i ei travel veke, så no er det ny søndag og eg postar som om ingenting har skjedd og det framleis er søndag 14.10.12. Betre seint enn aldri:
Finn ikkje heilt ut kva eg ønsker å ha fokus på, her på bloggen for tida. Livet går sin vante gong med studiar, jobb, korps og mange fine folk. Så foreløbig blir det dagbokblogging,  husmortips for dei som ikkje er husmødre og ellers ein og anna refleksjon rundt noko eg har tenkt på ei lita stund.

I helga var me heime på sumarøya og der skein sola frå fredag til søndag. Hausten er her og eg elskar dei fine fargane, den friske lufta og den klåre stjernehimmelen. Fredagen var det gullrekka og pizza og på laurdag var eg på fjelltur med dei to kjekke karane her:

Fint å gå i fjellet når ein har med både kartlesar og fotograf. 


Kvelden kom og me naut krabbe i lag med 40 (edit: 70) andre i eit naust på ein kai. Fintliv!

Arrangøren
Søndagen fekk me både tid te å snakka litt med dinna fina dokko her: 

og besøka dinna husmora her:
I ekte (hus)morånd, tok ho sjølvsagt med ungane på søndagstur i eventyrskogen. 
Mari kom med føljande tips: har du ikkje tid til å vaska? Set ei skål med grønnsåpa under sofaen! Lurer kven som helst!

Så, no kan du gle deg til ein ekstra kjapp husvask denne veka, eller denne månaden, eller var det før det besøket kom? Uansett, du treng ikkje å vaske deg i hel for den gode nyvasklukta!


  Ma-le-na

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei! Kjekt å lesa:) ha ein nydeleg dag:)

Malena sa...

Så kjekt du syns! Du òg!