 |
| 1-brett, 2-stapp, 3-voila! ei dyne mindre og ei pute meir! |
Eg har eit supertriks som eg har lyst å dele med dykk. Eg har fått nytt rom i kollektivet, teke farvel med skråtak så no har eg endelig plass til pynteputer og overnattingsgjester på rommet. Det er fantastisk! I anledning pynteputene så kjøpte eg nokre trekk på IKEA utan å eigentleg ha pute til å stappe inni, men heime låg både sommardyna og saueskinnsfellen utan stad å vere, så då stappa eg dei inni kvart sitt putetrekk. Etter å ha prøvd det ut eit par veker syntes eg framleis det er ein genial oppbevaringsmåte. Så har du lyst på fleire pynteputer og treng ein stad å oppbevare ekstradyna di? Sy/kjøp deg eit nytt putetrekk.
Ha ein fin dag!
Ma-le-na
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar