Dette vert som ein slags oppføljar av paraplyproblemet eg skreiv om i forrige innlegg. I dag då eg traska rundt i sentrum for å finne favorittdeodoranten min, stod eg plutsleg utanføre sparkjøp. Flaks for der hadde dei både deodorant (til halv pris) og paraply til 49,50. Den var blank og veldig vanleg så eg tenkte, denne kan eg pimpe sjølv. Kjøpte den, tok den med heim og gjorde den litt "harry-barnsleg." Så til deg Trine som etterlyser husmortips. Her kjem dagens hyllest til tape med mønster. Kan brukast til alt mogleg! Pynting av pakkar, lysestakar, bøker ++ og til paraplyskaft. Berre sjå her:
Gjekk sjølvsagt tom for tape så måtte vere litt kreativ på slutten, men eg syntes det vart litt søtt med grønne endar, og favoritten for tida-ugler i toppen.
Ha ein kreativ dag!
Ma-le-na
![]() |
| Litt små bilete, men jaja. |
Ha ein kreativ dag!
Ma-le-na

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar