Sider

Oppdatering

Det plaskar ned utanfor vindauga, eg er definitivt tilbake i Bergen. Paraplyen min er forsvunnen og eg vil ikkje kjøpa ny, for eg vil finna ein knallfin, stor, solid og billig paraply, og foreløbig trur eg ikkje dei finst her i regnbyen. Det har vore fadderveke, familien har vore korpsnerdar, på ekta military tatto i Edinburgh, eg har hatt jobbehelg og vore i bursdagsselskap til papen, mange fine stunder! Men no er verkleg tida inne for å finna fram kvardagskreftene og byrja med lesing, øving, trening og sjølvklart òg alle dei kjekke sosiale, og fine tinga som høyrer studentlivet til. For eigentleg så er livet ein dans på roser, sjølv når det regnar. Det er viktig å minne seg sjølv på det av og til.

Her kjem dagens visdomsord av ein av mine absolutte favorittartistar:

"Jag tror att livet just har börjat
och det blir vad jag gör det till"
-Melissa Horn
Bilete frå dei siste vekene:
Mange fine folk og gode minne å ta med inn i hausten <3>

Ha ein fin kveld!
Ma-le-na

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt at du bloggar igjen:)

Malena sa...

Så fint at du syntes det:) Kjekt at nokon framleis kjikkar innom!