Sider

Stressa sa du?

Personleg meiner eg stress er ein av folkesjukdommane våre. Om eg nokon gong har prøvd å fortelja deg at eg  taklar stress godt. Har eg lyge. Det er ikkje sant. Eg trur at stress og aspartam (PepsiMax) står for halve fedmeepedemien her i landet. Men dette er berre noko eg trur, så for all del, ikkje ta det for god fisk.

For å unngå å stresse så startar eg litt  seinare enn eg burde og kjem heller for seint enn å gå heime frå i hui og hast. Det er ein ganske dårleg eigenskap. Ein bør vel strengt tatt heller starte tidlegare. Elles vert det eigentleg berre enno meir stress, pressa inn i eit litt mindre tidsrom enn om ein hadde stressa litt tidlegare. I dag var eg litt stressa etter ein rombyttings diskusjon i kollektivet. Når ein lir av konstant dårleg samvit, blir det nesten dårlegare stemning om ein får det som ein vil enn om ein taper. Så heldig som eg er, fekk eg det som eg eigentlig hadde mest lyst til. Men då kjem dårleg-samvit-stresset snikande. Noko som resulterte i at eg gløymte visakortet heime i kollektivet, då eg skulle ta bussen til Stord kl 1900. Så eg svetta heim att, med ein trillekoffert på 25kilo og ein sekk på 10, for å hente kortet for så prøve å rekke båten kl 2000. Då er la-meg-vere-lur-og-effektiv-stresset der og eg går ein lur snarveg som gjer at eg rett og slett går meg så kraftig vill at det tek taxien 10 min å finne meg. Då er eg sjølvsagt for sein til båten òg, så eg bruker 179 kr i taxi tilbake igjen til Bystasjonen. På det tidspunktet syntes eg så synd i meg sjølv at eg har lyst å grine. Istaden trøystar meg med eit Nemiblad, og ein smoothie, nok ein 100 lapp på ingenting. Før eg set meg på bussen. 1 time og 45min seinare enn planlagt.

Stress gjer ofte at ein bruker meir pengar og tid enn ein har tenkt. T.d. eg-MÅ-rekke-det-stresset som meir enn ein gong har gått ut over ein uskuldig mur og ein litt uforsiktig WV Golf.. Eller la-meg-skunde-meg-no –stresset som gjer at du tek av feil i den rundkøyringa eller køyrer gjennom ein tunell ekstra på veg til øving.

Jaja. Det kjem noko godt ut av alt. Det er veldig fint på ferja no når skumringa er her!

Stressa? Eller gode tips for å unngå å gå seg vill/kome for seint, kom med dei!

God helg!
Ma-le-na

Ingen kommentarer: