I dag starta eg dagen med å rydde i kleskåpet, før Ragnhild og eg gjekk til Fløyen, sola skein, selskapet var like kjekk som alltid og utsikten var nydleg. Ingen kan seie at det ikkje er vakkert på vestlandet!
Då eg rydda i skåpet, og merka hyllene med dymo, tenkte eg på det med å pynte seg i kvardagen. Det å ta på seg noko ein føler seg skikkeleg bra i, kanskje sminke seg litt og ordne håret. Det gjer kanskje at ein går ut døra med hovudet litt høgare og ryggen litt rakare enn om ein hadde hatt på seg joggebuksa og håret var flokete.
Eg kom ikkje på dette heilt av meg sjølv då, for eg var ein liten tur på Stord på fredag, for å feire Trine og magen, med bleiekaka og alt som høyrer med. Der var Katharina, mitt store pynt-deg-i-kvardagen (og enno litt meir til fest)-idol. Katharina ser nemleg nesten alltid velstelt ut når ho går ut døra, og ho seier så fint, "det gjer at eg føler meg 10 gongar betre." Personleg trur eg alle har godt av, å booste sjølvtilliten sin av og til, å tenke, eller seie til seg sjølv, "i dag ser eg bra ut!" For det gjer du jo! Rett ut ryggen og smil, for du er fin!
I morgon skal eg kle meg i vårkjolen, for no er våren komen til Bergen òg!
Gløym aldri at du er vakker!
-Ma-le-na
Då eg rydda i skåpet, og merka hyllene med dymo, tenkte eg på det med å pynte seg i kvardagen. Det å ta på seg noko ein føler seg skikkeleg bra i, kanskje sminke seg litt og ordne håret. Det gjer kanskje at ein går ut døra med hovudet litt høgare og ryggen litt rakare enn om ein hadde hatt på seg joggebuksa og håret var flokete.
Eg kom ikkje på dette heilt av meg sjølv då, for eg var ein liten tur på Stord på fredag, for å feire Trine og magen, med bleiekaka og alt som høyrer med. Der var Katharina, mitt store pynt-deg-i-kvardagen (og enno litt meir til fest)-idol. Katharina ser nemleg nesten alltid velstelt ut når ho går ut døra, og ho seier så fint, "det gjer at eg føler meg 10 gongar betre." Personleg trur eg alle har godt av, å booste sjølvtilliten sin av og til, å tenke, eller seie til seg sjølv, "i dag ser eg bra ut!" For det gjer du jo! Rett ut ryggen og smil, for du er fin!
![]() |
| Ragnhild tek bilete av "Nystemten" så ho kan gå heim å øve, å sjekke om ho likar arrangementet. |
-Ma-le-na


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar