Som student skal ein helst ikkje bruke pengar ein eigentleg ikkje har. Men i dag bestemte eg meg for at det var greit å kjøpe noko å ete på ferja til Stord sidan eg måtte droppe lunsjen før eg skulle reise pga. diagnosen min: ingen form for tidsperspektiv + ekstreme mangel på tidsplanleggjingsevner. Eg spurde først kioskmannen om eg kunne få kjøpe ein halv omelett, men han sa nei, så då tenkte eg okay, kva med litt lapskaus 90 kr, ( okay, uaktuelt) ...neitakk. Så eg tenkte, ein karbonade kan vel ikkje koste skjorta. Så eg ville seie "ein karbonade takk", men svolten sa to, og eg angra med eingong og tenkte neeeei. Så sa dama i kassen "72kr" utan å smile og eg ville helst springe der i frå og sei at eg ikkje ville ha likevel, for eg ville jo eigentlig ha omelett.. Men eg betalte istaden,så no sit eg her mett etter ei alt for salt karbonade og lurer på kva eg skal gjere med den som er igjen..
God helg!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar