Fine 1. Mai, dagen der me feirar alle dei fine rettighetane me har her i landet, retten for sjølvbestemt abort, pappapermisjon, det at alle har rett til å kunne gifte seg og mange fleire ting. Det er viktig å heidre dei som har kjempa fram rettane for oss, som Jens Stoltenberg så fint sa i talen sin. Her i Bergen var det kjempemange folk med i toget, det er så flott at folk stiller opp for å vise kva dei bryr seg om! Me flagga i Lukkeboden, korpset marsjerte og internasjonalen gjekk på repeat. Etter toget møtte eg denne fine jenta her; og me var på kafe, åt is og sat å sladra i mange timar. Ikkje noko lesing med andre ord, men til gjengjeld, for ein fin dag! Håpar du og har feira!
Ma-le-na
Ma-le-na

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar