Sider

Mmm...


Endeleg har eg funne eit brød som til og med eg klarar å lage! Pannekakebrød, steikt på steikepanna! Dei skal helst heve, men ein feilar ikkje sjølv om dei ikkje gjer det, og er ein litt obs på timinga, vert dei perfekt steikte inni.  Etter å ha jakta rundt på nettet ganske lenge kom eg over denne oppskrifta HER (<--link) på  bloggen http://matutenmelkglutenogsukker.blogspot.com mykje godt å lesa om! Oppskrifta på bloggen bakar glutenfritt, men eg har ikkje funne den mjølblandinga som vert brukt der, og syntes eigentleg at spelt er veldig godt. Så eg bakar med det. Eg vil anbefale sammalt spelt, for då eg prøvde meg på grov spelt "batt" ikkje deigen seg så godt. Den vart liksom ikkje deig. Kanskje halvparten av kvar er bra? Det tek ikkje så lang tid og dei er utruleg gode når dei er nysteikte, så om du har ein halvtime til overs så køyr på!

Prøv då! Det hadde vore kjekt å høyra kva du syntes!
Ma-le-na

Ingen kommentarer: