Sider

Til bedriftsledere: Visst er det hanen som sier kykeliky, men det er høna som legger eggene. Vennligst ikke glem det.

-Margaret Thatcher
I går feira me kvinnedagen ei veka for seint. Ida var på besøk hos Oda og me drakk vin og gjekk ut ein tur. Eg fekk ikkje feira den 8. Mars, men syntes det er veldig viktig å feira og markera kvinna sin dag, og så vert det jo ein god unnskuldning for ei feiring, og om noko er viktig her i livet, så er det å feira ting! Det var ein veldig kosleg og artig kveld, som vart avslutta kanskje litt for seint i forhold til at det er fredag og lesedag i dag, men eg skuldar på at studentlivet skal vere litt sånn!


Eg tenker at det viktigaste med at me markerar kvinnedagen her i Noreg, er å sjå attende i historien vår, og settje pris på det kvinnene før oss har kjempa for oss. I dag  må me sjå framover mot 100% stillingar og like god løn i yrker der kvinner er overrepresenterte, ein skal kunne tene like godt som eletrikar og helsefagarbeiar. Me er heldige som bur i eit land med der kvinner og menn har alle dei samme rettane, me har lang barselspermisjon, fri abort og mange andre goder. Det er ikkje slik i alle land, det er mange stader der kvinna lev i eit mannsdominert og undertrykk samfunn, og for deira del, syntes eg me og skal markera kvinnedagen! Ver glad for at du er kvinne (om du er det då)! Set pris på rettighetane dine og ha ei knallfin helg!

Ma-le-na

2 kommentarer:

Anonym sa...

Like innlegge, Malena! Lenge leve girlpower i Lykkeboden <3

Oda

Malena sa...

Enig Girlpower! <3