Akkuratt på denne tida er det ca eit år sidan eg la opp vegetarlivet etter fem år som vegetarianar. Eg har sklidd heilt ut av vegetarkokkeleringa og et kjøt eller fisk nærast kvar dag. Det er ikkje bra for miljøet og gir samstundes eit gammalt vegetarhjarte litt dårleg samvit. Eg meiner både kroppen, sinnet, dyra og miljøet har godt av at ein tek seg litt fri frå kjøtet av og til. Så då eg surfa litt rundt på nettet etter inspirasjon til vegetarmar fann eg denne fine kampanjen her: kjøttfrimandag.no Eg har vel kanskje så vidt høyrt om det før, men ikkje tenkt særleg over det. Men det er altså ei oppfordring til alle nordmenn om å ha ein kjøttfri dag i veka, då er jo mandagen ekstra fin etter ei helg ofte fylt med litt meir god mat og godteri enn ellers i veka. kjøttfrimandag.no viser til desse fire hovudgrunnane til å ha ein kjøttfridag i veka:
"Fire grunner til å spise mindre kjøtt:
1.Det frigjør jordbruksareal vi trenger for å fø en økende befolkning.
2.Det hindrer avskoging, og beskytter ville dyr og planter.
3.Det reduserer forurensingen.
4. Det gir mindre lidelse hos dyrene, og frigjør penger til økologisk og
dyrevennlig mat. (kjottfrimandag.no)"
Mange gode grunnar tenker i alle fall eg og hiv meg på, så på mandag laga eg blomkålsuppe med sopp og spinat!
Vart du òg inspirert? Hiv deg med då vel! Du finn mange gode oppskrifter på www.kjottfrimandag.no, veg-veg.no/mat/ og elles om du leitar litt rundt på nettet.
Blei eit langt innlegg men eg hadde lyst å få med Torbjørn Egner si Grønnsakspisevise heilt til slutt:
Ha ein fin kveld!
Ma-le-na
![]() |
| Bilete fann eg her. |

Den som spiser pølsemat og kjøttmat hele dagen,
han blir så doven og så lat og veldig tykk i magen.
Men den som spiser gulerøtter, knekkebrød og peppernøtter,
tyttebær og bjørnebær og kålrot og persille.
Han blir så passe mett i magen, glad og lystig hele dagen
og så lett i bena at han ikke kan stå stille.
Den som vil ha bare kjøtt og spiser sine venner,
han blir så doven og så trøtt og får så stygge tenner.

Han er så snill mot dem han kjenner, og får mange gode venner,
og får like fine tenner som en krokodille.

-Torbjørn Egner
Ha ein fin kveld!
Ma-le-na

2 kommentarer:
Eg tenkjer at du er fin og snill, og eg er glad i deg:)
Det var kosleg å høyra! Det trur eg nok du òg er! Men kven er du?:)
Legg inn en kommentar