Sider

12 dagar med bloggtørke. Mest fordi det har skjedd mykje, og av og til er det fint å ta seg litt fri frå internett og datamaskinar òg. Men på sjølvaste kvinnedagen tok eg fram fjesbok igjen, og tenkte eigentleg eg skulle gjere det same med bloggen. Men det tok litt lenger tid enn eg hade trudd å svare på så mange koslege og fine bursdagshelsingar. Så det vart rett og slett ikkje tid.

Sidan sist så har me feira bursdagsselskap, både i Lykkeboden og på Almås. Me har høyrt på når forelesaren vår blei doktor, Johanne har hatt innflyttingsfest og korpset har spela konsert. No hadde det vore veldig kjekt å skrive: "her kjem bilete frå desse fine stundene" men den gong ei. Eg tok ikkje eit einaste bilete. Sjølv om kamera har blitt hengt opp på heidersplassen i håp om å bli brukt litt meir. Så då skriv eg heller litt meir om at det var ekstra stas at Mari og eg fekk feire selskap i lag for fyrste gong på 5år, skulle berre mangla når verdas kjekkaste storasøster vert 25år!


Men bilete blir det likevel for eg gjer som sist å stel nokre bilete frå fine Astrid, ho er flink å ta fram kameraet og denne gongen då me feira bursdag med vin og bytting. Innviter til byttekalas om du har lyst å fornye garderoben på studentbudsjettet! Alle hadde med seg mykje klede, og det var klesbutikkstemning i ståva heile kvelden, me kjikka på tinga, la "lodd" på det og så trakk me i fleire rundar. Perfekt for den som er glad i basar! Trur dei fleisste var nøgde med å bli kvitt ting dei var leie av og byte dei i nye fine skattar. Kleda som var igjen, leverte me på fretex. Fantastisk fin kveld med nydlige jenter. Og i tillegg til byttinga fekk eg så mange fine presangar og frukost på senga. Tusen takk<3

Trøtte og veldig snille!


Ha ein knallfin søndag!
Ma-le-na

Ingen kommentarer: