Sider

Takk for smil og gode stunder, millioner små sekunder

-Kjerstin Aune
Dei siste dagane har eg vore så heldig å få vere saman med utruleg mange fine folk, det er eg veldig ofte, men det er ikkje like ofte eg tenker på kor takknemlig eg er for at eg får ha det sånn.

I går vart Maria og Silje med heim berre ein liten tur for eit glas vin, det vart litt fleire enn ett og me snakka om alt og ingenting til langt på natt. Fine musikkterapijentene<3

I dag var Lars i Bergen og han og Sigbjørn kom på middagsbesøk i Lukkeboden. Det vart ein fin ettermiddag med mimring frå 3 år på vgs fylt med mange fine folk.

Desse koslege bileta frå 3. klasse på vgs har eg tjuvlånt hos Astrid E. Lothe.
På laurdag innviterte Trude til innflyttingsfest i ein knallkosleg eigenkjøpt leilighet! Trine viste kunster som på biletet, medan eg prøvde å lokka knerten til å sparke meg.

Eg er så utruleg heldig som får vere ven med så mange fine folk!

Høyr denne fine songen her, og send den vidare til ein god ven!

Set pris på dei du har rundt deg <3
Ma-le-na

Ingen kommentarer: