Sider

Fine ting

I går bestemte eg meg for at eg fortente noko som eg har ønska meg lenge, så i dag har eg gått til innkjøp av noko som er å finna på mange av dei fine bloggsidene eg føljer med på, nemleg ein Dymo. Sjå kor fint det vart! Det meste har blitt merka i dag for det er knallgøy å trykka ut bokstavar. Fine lappar som ein blir glad av å sjå på! Min kosta 120 kr på chlas olsson, eg trudde den skulle vere dyrare så vart veldig positivt overraska.
Hermetikkboksar kan brukast til alt mogleg!


Eller så tenkte eg dykk skulle få sjå den fine lampeskjermen min, som besto la igjen i huset då dei flytta. Det var gått blåmann i trekket, og eg syntes eigentleg den var finast utan trekk så eg tok det av og pynta heller med smykker, perler, ståltråd og andre fine ting i frå hobbyskuffa. Veldig lettvint og fint synes eg. Lampefoten er frå IKEA, så om du har ein gammal lampeskjerm så er ikkje vegen lang til ein ny lampe sjølv for ei slank studentlommabok.

Fin? Eg er veldig nøgd med å ha ein stad å visa fram det fine euphonium klistremerket mitt.
Ha ein fin måndagskveld!
Ma-le-na

Ingen kommentarer: