Sider

Musikkterapi

Når folk spør meg kva eg studerar og eg svarar musikkterapi er det mange som lurar på kva det er, kva eg kan jobbe med og kvar eg kan jobbe. "It depends" seier ofte ein av forelesarane våre. Eg er heilt enig, men prøver å gi eit litt tydlegare svar. Svaret mitt er oftast: "det er musikk i møte med mennesker." Og då kjem det jo heilt ann på, for alle menneska her i verda er jo heilt unike. Og kan ein jobbe der det er folk, kan ein jobbe nesten kvar som helst. Er ein vinglepetter med Ole Brumm-mentalitet som meg, så er sjølvsagt draumen å få jobbe litt med alt. "Ja takk, begge deler." Psykiatri, eldreomsorg, barnevern, skule, vaksenopplæring, psykiskutviklingshemma, sjukehus og mykje mykje meir. Men så ein gong, må eg nok velja, for det er no eingong slik at ein ikkje kan få vere med på alt, men foreløpig tenker eg at det er lov å drøyma.

Uansett, musikkterapi eller berre musikk. Musikken har ein stor plass i hjarta <3 til mange. Kos deg med denne fine historien her frå eit av "Nordoff & Robbins Center for Music Therapy."


(Den er litt gammal og i tillegg 2. del av ein film i 2 delar, om du vil sjå resten trykk her.

Ha ei superfin helg!
Ma-le-na

Ingen kommentarer: