Sider

14. februar

Det er kjærleikens dag og eg hadde ikkje tenkt å skrive noko om det, men ein av gledene ved å bu i kollektiv er at ein veit akkuratt litt for mykje om kvarandre, så på veg inn på rommet istad overhøyrte eg at romnaboen høyrte på "Celine Dione- All by my self", då ville eg le meg halvt i hel. Kanskje du hadde reagert med å banke på og spørre om ho ville hatt ein klem. Det burde eg kanskje, men nokon ting er det betre å berre le av.

Så håpar eg dagen din har vore fyllt av kjærleik om ikkje det så i alle fall godt humør!

Ellers så tenkte eg at eg av og til vil tøffa meg litt og leika med tema frå dei store bloggane og leggja ut interiørtips. Dei skal alltid vere tilpassa ei studentlommabok, så her kjem eit bilete av nokre hermetikkboksar som har fått nytt liv, med litt ståltråd og perler. Eg brukar dei låge til t-lys og dei høge til alt frå blyanthaldar til blome"vase" Veldig lettvint, og miljøvennleg.

Ha ein kjempefin kveld!




Og om du alikevel vil ha litt kliss på ein dag som denne. Høyr på denne søte songen her:



Ma-le-na

Ingen kommentarer: