Eg har aldri tenkt så mykje over effekten av å lukka døra mellom rom før eg flytta for meg sjølv ja, utanom døra frå gongen til besto og besten der det er ca 23 grader, til stova, der det alltid er gode og døsige 32 grader. Perfekt etter mi meining, men ganske umogleg utan vedomn.
Då eg kom heim i går hadde Elisabeth og Oda hengt opp denne her:
Så då tenkte eg at det fekk bli dagens tips. Kanskje ikkje interiørtips då det sikkert er ein god del folk der ute som ikkje syntes det er kjempestilig med gardin i døropningen. Sjølv syntes eg det ser heilt ok ut, og når ein plussar på effekten, vert det fantastisk! For fyrste gong sidan me flytta inn i dette over 100år gamle huset er det varmt i stova utan at det er 16 stykk der samstundes. Så om du vil halda varmen inne, lukk døra igjen eller heng opp ei gardin.
Ellers så var eg på jobb i helga i tillegg til at eg fekk møtt desse nydlige jentene her:
(+ Katharina som tek bilete) alltid like kosleg!
På jobb på søndag valte eg å ta med meg omgongssjuka heim, då er det fint å vere heime å bli varta opp av både besto og mammo. No er veka igong for min del òg, og det betyr haugar av utsett skulearbeid. Så det er vel berre å setje igong!
Ha ein nydeleg onsdag!
Ma-le-na


2 kommentarer:
Godt det var folk som kunne ta vare på deg, Malena! Og lykke til med siste innspurt på skulearbeidet før helga. Stor klem <3
Ja, det er fint å bli passa litt på:) Tusen takk for det!
Legg inn en kommentar