Sider

No gledar eg meg til å reise heim til Stord!

På grunn av ekstrem inneffektivitet den siste veka har eg måtte ta det kjipe valet å gjere siste innspurt med skulearbeidet på ein laurdagskveld. Då tenker du, slutt å syt, og det tenker sjølvsagt eg og for no i desember er eg nok ikkje åleine. Men eg hadde tilbod om julabord x2 i dag og ein veldig kosleg kveld i grunnavågen med julaavsluttning med bandet til pappa ++. No ringte dei nett og eg fekk liveoverføring av Make you feel my love av Adele. Sunge av fantastisk flinke Ragnhild. Det var knallkosleg og eg skulle sjølvsagt ønska eg var der, istadenfor her akkuratt no, men om ei veke på denne tida sit eg nok og et felleskvelds på jobben med alle dei fine folka som bur der. Det blir fint. Hurra for julaferien som er rett rundt hjørna. Hald ut siste tida! Då vert den ekstra velfortent og fin!
God laurdag!

Her kan du høyra den fine låta i orginalversjon.
-Ma-le-na

Ingen kommentarer: