Sider

Godt nyttår!

No er det ei stund sidan sist og det er fordi at det herligaste med eit liv utan så mange faste avtalar les:(ferie) er at ein ikkje treng å alltid ha batteri på mobilen, vere på facebook og mail kvar dag, kan innvitere på besøk sjølv om det er tysdag, og har det veldig fint utan at det skjer så altformykje å blogge om. Eg vil nytta den 2. Timen i det nye året til å takke for eit veldig fint og spennande 2011. Som Sigbjørn sa: "2012 skal bli sinnsjukt bra og det skal veldig mykje til for 2011 har vore eit skikkeleg oppsig!"

Eg har fått oppleva så mykje fint dette året, saman med veldig mange av dykk som er innom her å les om livet mitt og tankane mine. Og det set eg utruleg stor pris på! Eg var så heldig å få starta året i nydlege Kenya, med mange fine folk. Seinare var me på turne og me spela nokon av dei artigaste konsertane eg har vore med på i mitt liv, saman med deltakande publikum med mange ulike ting i bagasjen. Folkehøgskuleåret slutta i mai og og me sat igjen med minner for livet og mange gode vener. Det var ein veldig gladtrist dag. Eg reiste til stord etter ein kosleg tur heim saman med Marit, og jobba mykje i verdas beste vernabustad, før storasøstero kom heim og tok meg med til Australia for ein fantastisk fin ferie. Down under fann eg ut at eg kom inn på musikkterapien og vart veldig spent på skulestart. Der fekk eg møta ein herlig gjeng som har gitt ein utruleg fin start på eit femårs langt samarbeid. Samtidig som me flytta inn i Lukkeboden og starta ein annaleis heim med 4 veldig ulike jenter, me var spente utan grunn, for me kosar oss så mykje saman at det er vanskeleg å leggja seg. Eg har fått reisa oftare heim til familien som har flytta, og tre nydelige venniner og det har vore utruleg fint. Det er så godt å ha nokon å reisa heim til. <3 Sjølvsagt har alle år oppturar og nedturar, men eg vil hugsa dei fine tinga. Og takka deg som har vore eindel av dei gode minna, så tek en med seg dei andre tinga på vegen og. Og lærer til neste gong, eller let det forme deg og bli med på vegen mot nye utfordringar. No er eg spent på 2012 som allereie har forventningar om eit "tanteborn" frå bestaløvinno, mykje studering og mange nye opplevingar.




Legg med nokre bilete frå ein fin desember.
Håpar du får eit år fylt med gode vener, familie, gode stunder og mange nye impulsar og opplevingar. Alt godt til deg og dine. Takk for i år!

Ma-le-na

3 kommentarer:

Ingrid sa...

Du er fin.

Elisabeth sa...

Takk for kjempefine månadar i Lukkeboden! Glede meg te fleire :D
Du e flott!

Malena sa...

Ingrid: du er fin!

Elisabeth: takk da samma, gler meg veldig til å bu med deg igjen!