Las nett på facebook mellom alle dei 100, "Jippi det snør!" statusane ein status om at no var det nok hurra-meg-hei for snøen. Eg har alltid vore veldig glad i snø, så lenge eg slepp unna bilkøyringa, men i dag har eg fått eit anna syn, berre på ein liten del av det då. Det er greit nok at det er kaldt i eit gammalt bergenshus som kan skilte med over 100års levetid. Og det er heilt greit at det regnar inn i ståva når Berit kjem på besøk. Men i dag vil eg gjetta på gode 14 grader i ståva. Eg er ikkje form og sit i ullstilongs, og elles det eg eig av varme klede då det slår meg. Det står i husleigekontrakten at me skal måke fortauet utanføre huset. Flaks for meg at Elisabeth skal ha eksamen i morgon og resten av gjengen er på stord/austrheim.
No har eg hakka is i ein time, og det skulle nok vore enno litt mindre glatt, og måka litt lenger ut i kantane. Men eg bestemte meg for at somme gonger er ikkje snøen like fantastisk som den var då eg var yngre.
Køyr forsiktig på glatt føre og lukke til med snømåking!
(mitt heitaste tips er å byrja måkinga før ca 1000 par føter har trødd ned snøen og laga skeisebane av den)
Ma-le-na
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar