No har eg brukt i overkant av 3 timar på å lese om livet til folk eg aldri har møtt. Det er så utruleg mykje ein kan blogge om. Eller, folk opplev så mykje forskjellig her i livet. Det er veldig mange som skriv om kvardagen sin, og om du er aleinemamma så er den kvardagen ganske annleis enn min. Andre skriv om sminke og klede, og korleis ein får kvite tenner. Det syntes ikkje eg er like spennande som det som skjer inni ein av tankar og følelsar og korleis ein opplever livet. Det er dei bloggane eg les- alle innlegga av, slik at tida berre flyr og oppgåveskrivinga aldri kjem igong. Folk som skriv om dei triste tinga i livet, om nokon dei har mista eller, noko dei har mista av seg sjølv. Eller har opplevd noko som ikkje alle opplev. Å få eit barn med downssyndrom eller å miste kona si når ein er pappa til ei jente på 2. Etter ei helg med korpsoverdose, så vart det tiltak å starte på oppgåva som står mellom julaferien og avsluttinga på mitt 1. semesteret som student. Litt meir spennande å lese om andre sitt liv kanskje, enn å berre gjere det ein burde, å ta eit steg vidare i sitt eige.
Om du har lyst å lese ein annleis historie skrive med mange fine ord, stikk innom denne bloggen her: Der ein pappa skriv historia om den døde mammaen til den vetle dottera si.
Bruk tida godt, den kjem aldri igjen.
Ma-le-na
Om du har lyst å lese ein annleis historie skrive med mange fine ord, stikk innom denne bloggen her: Der ein pappa skriv historia om den døde mammaen til den vetle dottera si.
Bruk tida godt, den kjem aldri igjen.
Ma-le-na
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar