No har eg vore to veker i Bergen, eller i skrivande stund sit eg heime på Stord saman med mamma, etter ein betre Søndagsfrukost og nyt internett i heimen. Men ca to veker i Bergen då, der ein av dei mange plussane er den korte vegen heim. Desse to vekene har vore stressa og fine, og litt skummle og veldig koslige og fyllt opp med fadderveke og huskonsertprosjekt!
Fine jentene i leiligheten gjorde starten veldig fin og ikkje så brutal, med kjende fjes å koma heim til. Med nytt bad, nytt kjøken og utsikt til Grieghallen er me veldig nøgd med vår nye heim. Sjekk dinna fine gjengen her:
![]() |
| Trine kom med fine liljer til oss<3 |
Ellers så er det fint å gå på Grieg, sjølv om me eigentleg går på Humanistisk fakultet, eller var det Samfunnsvitneskapleg? Me høyrer til litt overalt men det er greit, når ein har ein sånn kosleg liten klasse å vere saueflokk saman med. Her er eit lite utval; sjå kor fine dei er:
Det litt rare med å ta Musikkterapi, er at det faktisk ikkje er noko musikkterapi i det første semesteret, men til gjengjeld får me lov å ta psykologi saman med alle dei som vil bli psykologar, og det er ganske spennande det òg. Så i ettermiddag, skal eg lese litt psykologi, filosofi og så skal eg prøve å lære meg å skrive akademisk. Det er faktisk ganske kjekt å studere igjen.
Snakkast plutsleg igjen,
Ha ei superfin veke!
Ma-le-na




2 kommentarer:
Endelig ett nytt blogginnlegg! ME LIKE! Va veldig koselig å besøka deg! Ekstra kjekt å sjå at liljene e komt på bordet!
Love Love <3
Bestaløvinnno
Malena, Malena. Eg har jo sjølvsagt eit lager med sure makka i skapet :P Skuleveko e jo nesten øve, så eg ønske deg heller ei fine helg! Gler meg til å komma på besøk i Bergen :) Og lykke te med akademisk skriving. Da e jo heilt konge. Skal me ikkje ringast på Skype ein dag?
Legg inn en kommentar