Sider

Definisjonen av "å flytte" ['flytə] "føre til et annet sted"

Nyhende frå sumarøya: Hurra!? Mamma og Pappa har seld huset og no er dei snart bønder! Gratulera!

I helga har me hatt innflyttingsfest  i lykkeboden, og i den anledning fekk eg besøk av desse flotte damene her:
 Som hadde med dinna fantastiske presangen her:
Tusen takk for knallkosleg besøk!
Det var kosleg kan du tru! Me hadde oss ein spasertur på høgden, ein betre middag i heimen og så eit slag med det intelektuelle spelet domino, før me la oss for å lada opp til shopping og den store festen på laurdagen. Laurdagskvelden forlot Trine oss til fordel for mormor og morfar, og me blei igjen i havet av gutar som var gjestene til Elisabeth og Oda og dei fine venninnene til Marit og meg. Det var ein artig kveld som toppa seg då me møtte dinna gjengen her:

Alis og Anne:)
Og dei spurde oss kva uteplass som var kjekkast og om me ville vera med.
Då blei ho her:

veldig gira og så veldig skuffa over at ho er fødd i 93 og ikkje 91. Det endte med at me for på MC donalds, før me gjekk heim for å eta is og vere lei oss for at det var rotete i leiligheten og for at Klovner i Kamp var på fest utan oss.

Følg med på bloggen, for me skal nemleg få oss kjæledyr og det blir namnekonkurranse dei næraste dagane! 1 fin premie.

Ha ein fin dag!

Ma-le-na

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg grine litt inni meg for at eg ikkje kunne ver med ut! Me får ta da igjen :D

Eg trur btw kanskje at da der e dansken?

Takk for ei perfekt helg!!
Besteløvinno <3