For ca 18år sidan møttes me, ikkje veit eg korleis, men det var sikkert mødrene våre som "spleisa" oss. Etter det så har me vore to, og ja fleire og altså. Men det starta med oss. Trine og Malena. Me leika med Baribie heile helga, sykla rundt i feltet og plukka smellebær frå Hekken med det grøna huset. Me trilla Babyborn rundt i vogn og me passa hundane til naboane. Så byrja me på skulen i lag. Og gjekk i samme klasse i 10år. I tjukt og i tynt. Mange felles venner, mange gode stunder.
I dag har du bursdag Trine og eg er så solt over den du er! For eg har fått vera med nesten heilevegen, på å sjå du bli deg. Du er utruleg bestemt, veit kva du vil og jobbar hardt for å vere god i dei tinga du gjer. Eg veit du er flink i jobben din på sjukeheimen. Og eg veit at det ikkje er mange ettermiddagsvakter som gidder å bruke fritida si på å pugge røyr og røyrleggardelar for å gjere ein best mogleg jobb.
Du har eit stort hjarta som ser dei rundt deg, og du tar tak i ting på din måte. Kanskje det er ein telefonsamtale eller det å laga nista til nokon som ikkje gjer det sjølv. Du blir med på, og tar meg med på ting, sjølv om eg alltid kjem i siste liten. Du tok turen til Gjøvik då eg budde der, det betyr utruleg mykje for meg at du brukte tid å pengar på eit par dagar i min kvardag, som ingen heimefrå visste korleis var. Du er fantastisk!
Me har hatt oppturar og nedturar. Og det kan gå lang tid mellom kvargong me har ekstra tid til kvarandre, men når me først har eit par timar til å gjere ingenting saman, så er det fantastisk fint. Takk for alle ferieturane, samtalane, skuledagane, konsertane, handballkampane, helgane, kosekveldane og kvardagane! ps: har du sjekka postkassen? Ev. Snakka med mamma?
Gratulera med 20års dagen din! Nyt den!
Gla i deg Trine <3
Stor klem frå Ma-le-na
1 kommentar:
Eg e så rørt at eg måtte grina ein skvett! å no har eg sjekka postkassen! Har kje ord! Rett og slett fantastisk <3
Eg e lykkelig som har deg som venn<3 Måtte da vara lenge!
Glede meg te fellesrom på sjukeheimen :D
Masse gla i deg <3
Å btw.. eg har sagt da før og seie da igjen! KOM HEEEIM!
-bestaløvinno-
Legg inn en kommentar