Sider

Kilonzo family og safari


Me har vore turistar i det siste, med eit døgn på hotell med safari, med nashorn, vortesvin, antiloper, hyener og mykje anna artig. Me hadde det knall morosamt i bilen vår med masse action og søte Lisa som relaterte alt ho såg til Løvenes Konge filmen, med utsagn som: "Se det vortesvinet løper helt likt som Pumba i løvenes konge!" Åja, tenkte me, det er der dyra i Afrika har funne inspirasjonen, i Løvenes Konge. Søte Lisa.

Etter eit døgn i luksus var det deilig å vere på heimveg til Scripture Mission og vissheten om at me skulle tilbake til Matare for å besøka familien til Mbeso og kjenna på livet i den verklege verda igjen.

Etter ein strabasiøs tur frå sentrum av Nairobi via politistasjonen og til Matare, hadde me ei veldig fin omvisning på det nye hovudkontoret og fotballsenteret til MYSA før me for vidare til Mbeso's home. 
Besøket hos Mbeso var fantastisk koslig, med talar og sang, fine samtalar, god mat, ein fin familie og ein flott plass. Takk. Seier eg og skulle ønske at Mbeso og kunne ha vore der med oss.

Eg vil tilbake allereie før me har reist heim.
Kenya er fantastisk<3
Her kjem bilete frå Safarien:





Søte Lisa


Per, Ingrid og Ingvild

Jentene på tur




Ma-le-na

1 kommentar:

Mari sa...

Eg gler meg til å høyra alt på mandag! Ser ut som du har da fantastisk :)