Sider

African time


 Me diskuterar det ikkje så veldig lenge, men det er oppe på kvar einaste kveldsbriefing av dagen. African time and the african way. Me har god tid og resultatet er ikkje det viktigste, det er prosessen, det å vere saman og ha tid til kvarandre. Hakuna Matata. Eg elskar det. Utan tvil, det gjer meg ingenting å vente, når ein har det kjekt i ventetida. Kan jo forstå at det vert slitsamt i lengden, at ting som tek ein halvtime heime kan ta 6 timar her. Men når me er her ei så kort stund for å bli kjend berre nyt eg det. Og eg hadde nyte det heime òg, det at ein godt kan kome ti minuttar for seint, og ta seg litt tid til kvarandre før ein kjem i gong. Det er forresten ein av dei finaste tinga med å ha ein lærar som har budd eit år i Kenya. Kjem du fem over eller  20 minutt for seint, det gjer ikkje noko, det er alltid berre kjekt at du kom. Håpar me klarar å ta med oss den rolige og avslappa stemmninga heim. Her kjem nåken bilete frå ein dag fyllt med mange, mange born, ein unplugged konsert som eigentleg                                         skulle vera plugged, og mange fine samtalar.

Ma-le-na

1 kommentar:

Anonym sa...

haha, nett noko for deg Malena, med et avslappa forhold te tid.

Klem frå mamsen, så gler seg te du kjem heim