Sider

Nairobi

I går var me i Matare for fyrste gong, dersom ein ser ting utanifrå, og det skal ein jo og gjere, av og til,  for me har det godt i Noreg , og me er knall heldige. Er det groteskt med skillnaden på fattig og rik. Etter ein fantastisk dag i matareslumen og ein spennande tur heim i eit hektisk trafikkbilete stoppa me på supermarkedet for dei rike. Og følte oss sånn passe shabby med tanke på kor skittne og svette me var. Før den tid hadde me berre kjedt på livet. Gleda av å ha ein roleg dag utan for mykje planar og å berre vere saman med andre  Hakuna matata. Og så kom me inn på supermarkedet etter å ha køyrt ein avstand som uten trafikk kanskje hadde tatt 15min  og der var det ein heilt anna verden. Det føltes veldig feil.

Når me gjekk rundt i Matare så var det eigentleg ein  veldig fin opplevelse. Zilpa som var på besøk på Viken i haust  peika på skular og kvar ho budde før, helsa på kjende og eg følte eigentleg at me berre var å kikka rundt på ein kvar som helst heimstad til nokon eg kjende. Og som ei klok jente som bur i noreg i år sa til meg, før me for. “Det er ikkje sånn at me føler oss fattige heile tida,  eg føler ikkje at eg bur i ein slum fordi det er heimen og kvardagen min.“ På same måte som me ikkje går rundt og føler oss superheldige heile tida. Men burde me det? På slutten av turen, så følte eg meg som ein intrengar der me gjekk  og kikka på folk eg ikkje kjende kvardagen til, eg følte at dei følte at me såg ned på dei og det var skikkleg ubehagleg. 

På Haba’na Haba senteret var det masse liv. Me såg på dansarane, jamma med bandgjengen og chilla og snakka med alle me såg og plutsleg var det gått ein heil dag og me var på heimveg. Utruleg spennande å høyra korleis me opplevde ting ulikt og å høyra alle andre sine tankar om dagen, då me møttes heile gjengen etter middag. 







Det blir ikkje så mange bilete frå Matare. Men eg tek meg den frihet til å skriva ned det Nelson sa til Marit(fritt etter  Marit): “Eg synes det er vakkert her, det er heimstaden min og her har eg mange gode minner i frå” 

I dag er heile gjengen på Haba’na haba og øvar til kyrkjekonsert i morgon. Eg sit på skulen me bur på og er ganske bitter for at magen min ikkje er like glad i Kenya som eg. Men det kjem ein dag i morgon og!
Ha ein fin dag!
Ma-le-na

2 kommentarer:

Anonym sa...

så spenannde! Glede meg te å sjå bilde og hørra alt når du komme heim! Heilt heim te Stord :)

Masse god bedring <3

Eg e glad i deg og husk å ver forsiktig! <3

Klem besteløvinno aka Trine!

Malena sa...

Hei Trine! Da e så kjekt at du følle med på bloggen! Gler meg sånn te å sjå deg i Februar! Glad i deg<3