No kjem det to innlegg på rauderappen. Fordi dei ikkje passar å blande saman i eit.
Okay, me har feira femtiårsdagen til papen om ikkje tre dagar til endes så i alle fall to dagar . Først i vikaneskleivo med høge skjever og kvite skjorter og så i Samfunnshuset på laurdag. Hurra!
For ein ihuga pappa fan var det ekstra fint å høyra frk. Pinnevik og Electrosound spela. Det var super kosleg med alle fine talar og det at jubilanten sjølv var så nøgd gjorde kvelden knall! Eg fekk debutera som komp-gitarist og komponist saman med Kjetil og Mari(tekstforfattar.) Me hadde laga song til pappa og han vart veldig nøgd! Livet var fryd og gammen! For meg var to av dei 17 høgdepunkta ved kvelden dansen med besten og fk-capsen me fekk av Arve. Skål for 50 nye år!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar