Sider

Hei, hallo, heisann!

"Unskuld? Har me helsa på kvarandre før? Nj.. Nei?"
Jonar."
"Ja Jonar ja, gitar? " "Ja."
"Musikal? "Ja."
" Ja, jo me snakka litt i går ja."

Dei første dagane med 100 nye namn og fjes å læra er tøffare enn ein skulle tru, ein blir sliten av å prøve å huske heile tida, men så vert det jo ekstra fint, når ein faktisk hugsar eit namn då!
 




Så, her kjem bilete frå dei første dagane mine på Gjøvik. No sit eg  nydusja på eit nyvaska rom, og er superklar for storfint besøk av mammo og papen. Som kjem med flyttelass i morgon!




Musikkterapilinja har berre 7 elevar. Det er eit fint tal, du veit, alle gode ting er 7! Ekstra spessielt og flott syns eg det er at me er to jenter og resten gutar. Det blir spennande! Bileta er frå onsdagen då me var heime hos linjelæraren vår og plukka bær, spiste is og prata. Superkos!

hadabra
-Ma-le-na

1 kommentar:

Anonym sa...

Mammo og papen syns da va kjekt å besøka deg:) Trur du får eit flott år på Viken