No har me vore på Viken i snart tre veker. Og endelig har kvardagen tredd i kraft. Eller nesten i alle fall. I går var det litt travelt for då hadde eg full timeplan+ at Mari kom på besøk i 8-tida. Eller travelt er vel eigentleg ganske relativt. For korleis kan ein ha det travelt når romvask ligg i timeplanen, ein kjem til dekka bord til alle måltid og det tar ca 30 sekund å kome seg frå rommet sitt og til undervisning? Gløymte kanskje å sei det, men folkehøgskuleliv er fint !
Mari var med på internatmøte og me hadde ein ganske artig kveld!
Tenkte at sidan blandt anna tante har blitt blogglesar så kan eg nevna litt sånn generelt om kva eg gjer på om dagane.(ps: superkosleg at de les!)
Her på Viken så tek eg alle faga i musikkterapifordjupninga, det inneheld alt mogleg (musikkterapiprosjekt, improvisasjon,teori mm.) og er veldig intressant og kjekt! Utanom det så har eg samspel, hørelære, dans, drama, kulturutveksling og mykje meir. Gjøvik har faktisk ein god-del å by på og me har eit stort senter, ein kosleg sentrumspark og masse anna ein kan bruka pengar på viss ein har.
Folka her er kjempekoslege! Det er ganske fint å vere saman med ein gjeng som er like innstilt på å få eit like bra år som du er. Det gjer det å bli kjend veldig mykje enklare.
1 kommentar:
Så bra du kose deg på folkehøgskule :)
Er innom ein gong i blant å lese bloggen din :)
Kos deg vidare :)
Klem Mari Alfarnes:)
Legg inn en kommentar